3. etappe: Santa Fe - Alberquerque:

På turen til Alberquerque skjedde det ikkje så mykje spennande. Me kan med glede meddela at me begynner å få god kontroll på trafikken her nede. Heile vegen møter me skilt som lyser opp "cops everywhere. You will get caught - 100 days and nights of summer". Me har imidlertid føreloepig ikkje sett noko politi her, men passer på å holde fartsgrensene. 120-130 er raskt nok for norske jenter.

Vel framme i Alberquerque fekk me endelig benytta oss av bassenget som Motel 6 reklamerer for. Desverre skya det over og ein unge - type hvalross, gjorde bassenget uappetittelig. Han blåste ut, slevde og kom med små nys (som om han prøvde å rense nese og halskanaler). Når han i tillegg begynte å plaske uhemma på oss, begynte me å miste tålmodigheten. At ein ekkel mann gjentatte ganger kom ut på balkongen og glodde åpenlyst, fekk begeret til å renne over. Me trekte tilbake til hotellrommet og passa på å låse døra godt også denne kvelden.. Etter litt lesing og dusj, måtte me igjen ha mat. På Pizza Hut møtte me ei veldig koselig servitør som verta oss opp. Ho gav oss til og med det gratis bruspåfyllet i pappbeger, så me kunne ta det med oss til hotellet. Etter ein liten handlerunde på supermarkedet var morgendagens frokost klar og me tok kvelden.

Vi sto tidlig opp og kjørte til sentrum av Alberquerque, og et nytt bibliotek. Her hadde me store planar om å endelig få lagt ut litt bilder på bloggen. I kø i lag med uteliggarar, eldre og narkomane, venta me tålmodig på at det skulle opna kl. 10. Når me kom inn, merka me derimot at det ikkje var så lett å komme på nett her som i Santa Fe. Her måtte me nemlig ha smartcard for å bruka PC-ane.

Etter skjemautfylling og betaling satt me klare, men oppdaga at det var umulig å få lasta inn bilder her og (pga. sikkerhetssperre på dataen). Temmelig irritert og oppgitt (begge har liten tålmodighet med ting som ikkje fungerer slik planen er) gjekk me for å finna mat og forhåpentligvis sjå meir av byen.

Etter leiting etter parkering, traska me oss avgårde, berre for å oppdaga at det va nesten folketomt og det meste var stengt på lørdagen. Den frå før av tynnslitte tålmodigheten fekk ei ekstra påkjenning, og humøret var heller dårlig. Tusla litt rundt, men møtte berre på buisnissfolk og narkomane. Men plutselig fant me ei lita gate med nokre butikkar og kafear som var åpne.

Lunsjen blei intatt på ein Route 66 diner der den eine slukte burger nr. 6 på turen, mens den andre prøvde seg på ein velsmakande gyros. På denne kanten av landet er tydeligvis ikkje menn så sjenerte. Når me gjekk for å henta bilen, kom det nok ein bil kjørande der sjåføren ropte for å få oss med. Han laga svært sjarmerande kysselydar, og me kjente sjøvsagt at fristelsen var stor denne gangen og til å ta ein kjøretur med skumle menn. Men fornuften seira, og me kjørte på egenhand vidare til Gallup.